Nokre veker skjer det tusen ting!

Mykje skjer om dagen, men har ikkje funnet tid til å blogga om det. Sidan sist har eg jo haika til Oslo....
Det var ein nydeleg sommardag og eg fekk haik på minuttet gjennom landet. Med fire biler! Det var spesielt morosamt med to franskmenn i kassebil. Han kjøpte bilen med Lofoten-klistremerke på. Det var litt slitt og han var på veg nordover etter eit nytt, klistremerke. Og i Flom, der eg gjekk av tok eg bilete av fjorden, kassebilen og hoppande franskmenn... men veit de, eg hadde gløymt minnekortet!! Det føltes så tragisk at eg ikkje orka å blogga om det før no... fine fine bileta!

Frå Flom-Aker Brygge fekk eg haik med nokre chilensk-bergensarar med rock n´roll på full guffe. Og då dei kjøpte øl til meg og me suste gjennom Nesbyen i 27 grader og sol var det rein lykke eg kjente på!

Oslo var fint. For det meste. Besøk hjå han eg bruker å besøke. Men så, veit eg ikkje lenger... noko er litt annleis. Eg kjenner at det er mykje eg ikkje orker. Eg får tenke litt på det.

Så, i veko etter Oslo var eg Nattjazzfrivillig. Mest for å få Kari Bremnes og andre billettar gratis, litt for å finna ein potensiell kontrabassdrømmemann. Men konsekvensane av at eg er blitt så busywoman var at eg ikkje vart med på ein einaste Nattjazzfest (backstage etter konsertane) Skandale, det er eg fullt klar over!

Såg forresten ein gammal festivalflamme på Jan Erik Vold konserten. Frå den gongen einaste kriteriet var at dei hadde langt hår. Og så hugsa eg at eg hadde eit bilete frå kvelden. Klinebilete. Og jammen fant eg det! Dette husker eg frå den natta: Eg såg denne mannen, eg drakk whisky, venninna mi tok bilete av oss for me hadde matchende jakker, eg vart med på hotellet... Først dagen etterpå såg eg at det var tomannsrom! Ja, det sto altså ei anna seng i det 10 kvadratmeter store rommet med ein mann oppi. Forby Whisky!

Nesten samme historie gjentok seg året etter då eg møtte han igjen. Men då holdt eg meg til vin og var meir gniten, så eg kom meg heim utan dei samme utskeielsane.




Så kom ein Grand prixfest. Eg, som kan ha ei flaska sprit ståande i eit år tok med meg ei halvflaska og den vart tom. Meir var det ikkje å sei...



Anna enn at me møtte ein Alexanderfotograf på byn og var enda litt galnare enn til vanleg


Og så var det endeleg:

Sex og singelliv premieren!

I 80-talls hot pink kjole med gullknappar... følte eg helte over på Samantha-stilen, eg såg det derfor som min plikt å snakka mest mogleg eksplisitt om sex. Ingen i min venninnegjeng protesterte.

P.s Eg er ikkje sur, har berre litt vondt i magen etter cosmopolitan og snop



Denne helga brukte eg og Ida, søstre mi til å ha gatemarknad. Først på Torgallmenningen, så Finnemannsplass. Det gjekk så det suste og me solgte klær for 6000 kroner. Eg elsker å selge og trur faktisk det ligg ein liten kremmar i meg. Det er derfor eg kanskje tenker på å gå den vegen med livet mitt i tillegg til fotografiet. Spennande!

3 kommentarer

06.jun.2010 kl.21:30

love it!

loose threads ♡

08.jun.2010 kl.10:23

Så spennende at du haiken gjennom landet, selv tør jeg ikke det. Jeg hører for mye på mammaen min og de skumle mennene som finnes der ute... Men man kan jo ikke gå rundt å tenkte sånn.

Kjekt at dere tjente så mye på markedet! Det er gøy å selge :) vi fikk ikke inn så mye denne gangen, ca halvparten av dere. Men har stått på marked før og tjent mer, jeg tror det var dagen. For hørte litt med de rundt meg, og det virka som at alle bodene hadde hatt dårlig salg. Det var vel for varm dag og folk ville heller være på stranda, jeg klandrer dem ikke, for jeg ble så brent på ryggen at et kjølig bad hadde vært herlig ;)

Tonje!

08.jun.2010 kl.14:34

Oi oi, bra Malene - bra!

Skriv en ny kommentar

Malene Bjørge

Malene Bjørge

30, Bergen

Malene Bjørge, fotograf. Utdanna ved London College of Fashion. Drømmande, kreativ og rastlaus sjel. Elsker alt det vakre i livet. bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits