Går det an å ha eit villt og lidenskapelig vennskap med ein eks?



Eg tenkjer på menn. Det er jo ikkje heilt uvanleg i mitt liv. De kjenner jo meg (litt) etterkvart. Og så tenkjer eg på det å ha skrivesperre. Synest det har vært vanskeleg å blogga i det siste. For det første er jo bloggen min blitt ein blogg om dating. Sex og singelliv Malene style. Eg opplever jo til tider spennande ting fordi eg er åpen for det.

Det er egentlig ikkje skrivesperre som er problemet. Det er nok det at eg ikkje dater. Eg prøver til ein viss grad, har nokon i Oslo som er interessert. Advokaten kjenner de og litteraturmannen. Men det blir utsatt. Går på byn aleina og nokre kjem bort, men nei. Det står stille.

Problemet ligg kanskje i fjorårets nest siste blogginnlegg: Nyttårsaften med eksen, dårleg ide? Eg innleda eit villt og lidenskapelig vennskap med min eks. Men går det an å vera venner på denne måten? Og korleis skal ein gå frå dei mest elektiske nettene i sitt liv til å jakte på mannen i sitt liv?  Det blir som å hoppe etter Wirkola! ( Oj, dette blir visst eit innlegg som bygger på egoet til Mister X) Og går det forresten an å forsetta slike møter utan å bli forelska?

Og så skal eg skriva noko på bloggen. Om menn. Så tenkjer eg plutselig på kva han tenkjer. Hvis eg skriv om denne mannen eg skal treffa, blir han sjalu? Neivel? Eller synest han eg er laus? Og så er me igang på ein heidundranes berg og dalbanetur! Og så blir det ingen blogg.

Og når eg kjenner at eg ikkje bryr meg så mykje, så seier han noko som viser at han kanskje bryr seg og så bryr eg meg litt likavel. And here we go again!

(Å nei, her avslører eg meg sjølv som ei over overanalyserande jenta full av føleri. Eg som har jobba hardt med imaget om at eg dater som ein mann!) Det gjer eg forsåvidt, avogtil.

Eg vil nyta livet no, det er derfor eg fortsetter å treffa han. Ein dag må det ta slutt. Kanskje snart. Men eg bør vera takknemleg for det eg får oppleva! Kven opplever slik magi med eit anna menneske? Det finns dei som lever utan  lidenskap. Som aldri får kjenne det.



Dette var ikkje alt. Berre nokre få ord. Eg veit ikkje eingong om orda stemmer. Det er derfor det er så vanskeleg å uttrykka seg om dagen.

3 kommentarer

KRISTINE GANGFLØT

05.mai.2010 kl.18:08

SV: hei. De har fjernet den igjen, på blogg.no.. Så får se hva de gjør videre! Det står at de etterhvert skal lage en knapp som folk kan velge å legge inn om de vil! Men vet ikke.. :)
Stikker innom for å ønske deg og dine en riktig fin onsdags kveld:)

Lyst på 110%Gratis spenson visa gavekort med bare å bli medlem? Skjekk innom bloggen min da vell!

Odingutt, er du fast leser?

05.mai.2010 kl.21:46

Så absolutt!

Ønsker deg en heeerlig kveld videre! :)

Hilsen odingutt :*

Skriv en ny kommentar

Malene Bjørge

Malene Bjørge

30, Bergen

Malene Bjørge, fotograf. Utdanna ved London College of Fashion. Drømmande, kreativ og rastlaus sjel. Elsker alt det vakre i livet. bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits