To dagar i Delhi med guten frå Kashmir


Finaste plassen eg såg i Delhi




Tilbake til mitt område... crazy, skittent, morsomt


Lita tid til å sjå seg rundt, men me køyrte forbi nokre severdighetar


Det verste med India. Denne jenta slo hjul midt på motorvegen ved raudt lys.




Moderne tempel


Oj... ser ut som han "gjer noko" her, men eg lover han søv som ein stein! Klokka er eitt om
natta og eg er straks på veg til flyplassen.



Ankom Delhi etter fleire timars togventing og tilslutt ein togtur som sendte meg mot sammbruddets rand. Det vart nesten natt før eg gjekk bort til eit reisebyrå for å finna meg eit hotellrom. Eg vart lova taxi inkludert i prisen. "You happy, me happy", sa han. Men det sto ingen taxi å venta, ikkje rickshaw heller, men ein sykkel! Motvillig plasserte eg meg midt i sykkelvogna med sekk, veske og poser på kvar side. Sykkelen hompa avgårde medan eg tviholdt på bagasjen! Inn i dei mørkaste, skitnaste gatene du kan tenka deg... "ME NOT HAPPY", ropte eg!

Tok forsiktige skritt ut av hotellet neste morning, korleis ser dette ut i dagslys? Det såg ikkje ut! Trange, skitne, overfyllte gater. Eg er sulten og lurer på korleis eg skal finna ein kafe som ser halveis appetittvekkande ut! Medan eg trasker her, ser etterkvart at det er mange små butikkar, boder og turistar, alle som meg i haremsbukser. Eg bur midt i ein stor basar eller marknad om du vil. Og her er ingen biler eller rickshaws, derfor sykkelen!

Der i gata henvender ein gut seg til meg, den hundreogtiende på hundre meter... Vil ikkje ha kontakt med fleire indiske menn, men denne karen lover å visa meg ein decent kafe... Eg blir overlykkelig for ein deilig kafe med kaffe, kaker, smooties og baguetter på menyen. Eg bestiller ALT. Gutten er forresten kul og ganske vakker. Men vakker på ein sånn typisk måte som eg ikkje tiltrekkes av. Og så er han berre 30 år, guttunge altså! :-p
Etter maten hopper me i ein rickshaw og drar til ein nydelig park, her likar eg meg uendeleg godt! Tilbake i "ghettoen" avtaler me å gå på byn samme kveld.

Eg blir overraska når han tar meg med til eit betre strøk med luksushotell og enorme villaer med callinganlegg i porten. Inngangspengene på nattklubben tilsvarte ca.60 kroner, noko som er store pengar i India! Det imponerte derfor at han insisterte på å betale. Me drakk fine drinkar, dansa kult og fanga oppmerksomheten til alle i lokalet. Men då andre menn hendvendte seg til meg vart han vill i blikket, og spurte meg hardt kva dei hadde sagt. Eg vart sur, han vart lei og me gjekk heimatt. Litt vel overdreven sjalusi etter å ha kjent nokon i nokre timar, det skjønte han og beklagde seg. Men eg klarte ikkje la være å tenka på slike menn ein har lest om som er alldeles sjarmerande i byrjinga, men forandrer personlighet og blir dominerande og eigesjuk!

Siste dag i India drar eg og han til eit flott tempel, deretter prøver eg å få unna siste rest av shopping. Det blir litt panisk, har utsatt mykje pga irriterande selgarar. Eg skal ikkje avgarde før om natta, men får oppbevare bagasjen hjå han... Det er litt synd at det var dei to siste dagane eg møtte han og venene hans. Med han kunne eg reist til Kashmir, der han har ein husbåtbusiness og er fjellguide. Han vil eg skal komma tilbake, ringer avogtil... seier han er forelska. Eg kjem nok ikkje tilbake, men klarer ikkje heilt sei det.

Og så var turen slutt... det tok meir enn eit døgn å komma seg tilbake til London. Delhi-Dubai-Bharain-London. Det hadde vært ein spennande, men og slitsom tur! Neste gong eg er i denne del av verda vil eg ha reisefølge, slik at eg ikkje blir avhengig av dei tilfeldige personar eg møter. Men det er godt å veta at eg kan klara meg sjølv kor enn eg er!

8 kommentarer

My Good Act

14.jan.2010 kl.17:36

Er du en engasjert blogger? Sørg for å få din bloggadresse publisert på vår nettside! (Dette medfører flere besøkende til din blogg.)

Du kan også bli ukens profilerte blogger eller ukens My Good Act blogger. (Bloggadressen din vil da bli vist mer enn 10 000 ganger på en uke.)

For mer informasjon sjekk ut http://www.mygoodact.com/page/engasjerte-bloggere

Mvh oss i My Good Act

Nora Sandvik

14.jan.2010 kl.17:41

Huff, syns synd på de tynne barna :(

norasandvik.blogg.no - EN BLOGG VERDT Å LESE!

TonjeM

14.jan.2010 kl.17:47

Det øverste bilde var skikkelig fint! Hvor lenge var du i India? Høres ut som du hadde et lite eventyr med den gutten :) Var moro å lese om turen din.

Hilde - enjoy my life! : )

14.jan.2010 kl.17:51

Hei : )

Det er konkurranse på bloggen min !

Bli med da vel http://hildeeex3.blogg.no/1263471757_konkurranse.html

Ida

14.jan.2010 kl.23:32

Ka feiler folk som bare kommenterer på ein blogg for å få bloggaren til å kommentere deira blogg..blir oppgitt! Bra innlegg og fine bilder Malene :)

Tonje

15.jan.2010 kl.13:45

Veldig bra innlegg Malene - som vanlig. Er en fryd og lese!

15.jan.2010 kl.22:30

TonjeM: Takk! :-)Var i India i to og ei halv veka (altfor lite!) Før det var eg i Pakistan og Dubai.

Ida: Eg er enig med deg, sett ikkje spesielt pris på sånne kommentarer... går heller ikkje inn på bloggana deira.

Vil ha kvalitet ikkje kvantitetslesarar, hehe. Ellers Tusen takk!

Tonje: Så kjekt å høyra! :-)

Malene Bjørge

16.jan.2010 kl.00:58

Den siste kommentaren var sjølvsagt frå meg, gløymte å skriva inn navn og adresse...

Skriv en ny kommentar

Malene Bjørge

Malene Bjørge

29, Bergen

Malene Bjørge, fotograf. Utdanna ved London College of Fashion. Drømmande, kreativ og rastlaus sjel. Elsker alt det vakre i livet. bloglovin

Kategorier

Arkiv

hits