Pushkar - Festival i den Indiske ørkenen


WOW! Skvatt då eg såg han her.


Kjempebilete av meg! Takk Taximann!






Ikkje mi favorittdama!




Kjempegøy altså! Men hvis de tar bilete av meg tar eg av deko!




Taximannen... aldri langt unna..


Som eg sa, det vart ein tur til med taximannen. Ein festival i ørkenen vart for spennande!
Og det var det! Dette er det mest fargerike India eg såg. Kobraslanger, apemennesker, dansande aper, salg av vakre hester og kameler. Dette var kamelmessa i Pushkar.
Det som var dumt var at eg var særdeles gretten. Ville helst gå aleina, men Taximann var på som ein klegg. Eg klarte derfor ikkje å nyta det spektakulære eg var med på. Det er når eg tenker tilbake at eg skjøner kor spesielt det var! Nei, denne dagen var eg skikkelig primadonna. Nekta å eta på restaurantene han viste meg, måtte inn på 5 forskjellige butikkar før eg godtok vatnet dei hadde. Ville helst ikkje bli snakka til. Å reisa slik i India tar på kreftene, sjølv om alt er spennande blir det fryktelig tungt. Kvar enn du snur deg er det nokon som vil ha noko frå deg. På ettermiddagen køyrte me tilbake til byen. Og dagen etter reiste eg vidare til Agra. Framme i Agra ringer Taximannen og seier han vil treffe meg igjen. Han skal køyre til Agra. "When you´re not here I don´t feel so good!" Herregud og kva i all verden har eg gjort! Var då alldeles ikkje spesielt hyggelig eingong. Nei, det går ikkje!

Hørte ikkje noko meir, før 1.Nyttårsdag i år?!?! "Har du fått kona di tilbake?", spør eg. Ja, han er saman med familien no. "Det er fint!" Og så kjem det igjen  "When you´re not here I don´t feel so good!" Kva skal ein eigentleg gjera med sånnt?

2 kommentarer

Pia Susanne

08.jan.2010 kl.01:33

Utrolig mange nydelige bilder, også så fine farger de har på klærna der nede! Jeg "søker" forresten gjestebloggere til bloggen min. Så om du tror du har noe å bidra med, kan du sende meg innlegget ditt på mail. Du kan skrive om hva du vil! Sjekk ut bloggen min for mer informasjon :-) Ha en fin natt videre.

Veronica Kolstad

08.jan.2010 kl.01:41

Hei!

jeg har blogg VS blogg på bloggen min nå.

Om du har lyst til og være med så ta en titt innom min blogg, og Meld deg på : - D

Skriv en ny kommentar

Malene Bjørge

Malene Bjørge

29, Bergen

Malene Bjørge, fotograf. Utdanna ved London College of Fashion. Drømmande, kreativ og rastlaus sjel. Elsker alt det vakre i livet.

Kategorier

Arkiv

hits