Bjørgejula


Jul på Bjørge

Då var jula i gang. Sto opp til "Snekker Andersen", sjølv om eg kunne sovet mykje lengre! Snart vakner vel Ida Kamilla og for å få med seg "Tre nøtter til Askepott". Ingenborg og Signe er på plass. Vi har børi ved og pynta juletre, men det er eit par golv igjen å vaska som eg reknar med å bli satt til etter Askepott har fått prinsen. Så blir det julegraut, og eg håper på mandelen sjølv om eg ikkje er så begeistra for marsipan... I år må me ut og nyta snøen med hest og slede. Det brukar å vera nokre gåver å dela ut til naboar. Så blir det julevask av kroppen og eg lurer på kva eg skal ha på meg.

Klokka fem er det jul og roen senker seg og eit hav av lys blir tent. Julebordet er dekka og det lukter deilig lutefisk på kjøkkenet. Lutefisk er det beste eg veit! Eg et masse masse fisk og kålrabistapp, har ikkje behov for julekaker... Etter middagen går me inn i vår fine julestove, Signe på 6 år er ivrig etter å komma i gang med gåvene, men først må me gå rundt juletreet.. hvis me får plass. Alt for mange gåver i år og seier mamma. Eg er og spent, mest spent på dei som får mine gåver. Signe finn pakker og alle må venta på tur. Liker ikkje hvis alle skal riva opp gåver samtidig. Midt i gåvene blir det servert kaffi, moltekrem og kaker. Eg orker ikkje så mykje slikt. Litt sjokolade blir det nok. Mormor og Besten kjem og opner gåver med oss. Mormor bruker ein evighet på å pakka opp, klipper fint over bandet, så over tapen så opner ho  kvar side av papiret med rolege bevegelsar, etterpå brettar ho det fint saman til gjenbruk. Når alle pakker er opna er det seint på kveld og det er igrunn greit at det er over. Gler oss til ein roleg 1.juledag og julebesøk 2.juledag og fest natt til 3.juledag.

God Jul alle saman!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Malene Bjørge

Malene Bjørge

29, Bergen

Malene Bjørge, fotograf. Utdanna ved London College of Fashion. Drømmande, kreativ og rastlaus sjel. Elsker alt det vakre i livet.

Kategorier

Arkiv

hits