Mumbai -Første dag

blogg5

Landa i ein framand by midt på natta. Fann meg eit hotell på flyplassen, betalte for 2 netter og var glad for ei seng. Irriterande då at dei ringer 4 timer seinare og spør om eg skal sjekka ut. NEI, har betalt for to netter og liker ikkje å bli vekka! Står opp nokon timer seinare, er jo spent på å oppleva India. Har ikkje peiling på kor eg er, så spør  resepsjonen om dei kan senda meg til ein fin marknad. Dei bestiller ein rickshaw og eg humper avgarde i den ville trafikken. Er spent på kor eg skal og blir rimelig irritert når me stopper ved eit heilt ordinært kjøpesenter. What the f... tar dei meg for? Veit ikkje heilt kor eg skal ta vegen, har ikkje lest noko særleg om Mumbai. Må kryssa vegen for å finna meg ein taxi, men det er umogleg. Då kjem to damer og tar meg i handa, ler litt og hjelper meg. Dei er superhyggeleg og tar meg med på kafe, fortell meg om Mumbai og tilbyr skyss når eg skal bytte hotell imoro tidleg. Når eg kjem tilbake til hotellet om kvelden er det gledeleg å oppdage at eg kun har brukt ca. 40 kroner heile dagen inkl. middag, kafe, transport og suvenirer. På hotellet fortsetter dei å forstyrra meg til alle tider, ringer for å spørra om eg vil ha middag. Ringer tilogmed for å spørra kva eg gjer på.. Neste morning flytter eg heilt syd i byen.

Én kommentar

thediva

17.des.2009 kl.18:22

SV: Takker for hyggelig kommentar på London innlegget mitt, jeg savner London selv og håper å ta en tur tilbake på nyåret! Men du er i Mumbai, det høres jo superspennende ut!! Kos deg!

Skriv en ny kommentar

Malene Bjørge

Malene Bjørge

29, Bergen

Malene Bjørge, fotograf. Utdanna ved London College of Fashion. Drømmande, kreativ og rastlaus sjel. Elsker alt det vakre i livet.

Kategorier

Arkiv

hits