Bryllup

dsc1897
dsc2023

dsc2007
dsc1975

Foerste dag i Pakistan og foerste bryllupsseremoni for meg. Det har allereie vaert to. Idag skulle brudens familie halde fest i deira heimby Hyderbad to og ein halv time fraa Karachi. Det er derfor overraskande at me ikkje reiser avgarde foer ni om kvelden. Eg har tilbrakt mesteparten av dagen paa rommet med bokene mine og er glad naar det er paa tide aa pynte seg i min nye tradisjonelle drakt.
Dei har valgt stoff i brunfargar som nok ikkje hadde vaert mitt foersteval, men eg er svaert takknemleg og blir spesielt glad i dei deilige haremsbuksene eg faar.

Turen til og fraa Hyderbad er igjen ei studieav kunst paa kolonnene av lastebiler og trailere.

Bryllupslokaleter utendors som ein stor bakhage opplyst med juletrelys. Brudgommen sit paa ei scene, bruden kjem inn paa ei anna foer dei blir foert saman. Brudeparet ser ikkje spesielt lykkeleg ut, men eg har sett bruden le hjarteleg paa bakrommet.

Resten av seremonien er ei einaste lang fotoseanse med kvar einaste gjest i bryllupet. Og saa et me litt innimellom. Naar alle foreldre,sosken, tanter, onkler og barn er fotografert og det er paa tide med meir perifer familie og naboar kjenner eg at det blir langdrykt. Det er tross alt midt paa natta, varmt, trykkande og ikkje ein drink i sikte.

Min ven brudgommen tarmed seg bruden. Ho er hans no. Dei koyrer med oss mot Karachi. Me er trotte og dei fleste sovner. Eg ser etter varme kjensler mellom dei to nygifte, at ho skal legga hovudet paa skuldra hans og sovna, men det skjer ikkje.

Vel heima er det enda ikkje over, men gaaveseremoni. Bruden blir presentert det ein gullarmbandet etter det andre. Det er nydeleg! Storslagent! Eg kan ikkje sjaa nokre gaaver han kan ha nytte av. Me folger dei heilt inn paa soverommet. Me sit paa senga alle saman. Det kjennest litt merkeleg.

Min ven er over 40 aar og eg veit at han har respektert sin eigen religions reglar.
Ikkje utan frustrasjon og onske om aa bli lurt inn i fristelse, men han klarte seg!
No onskjer eg at hanfaar oppleve alt av lykke, kjaerleik og nytelse.

2 kommentarer

Anne-Marie

20.okt.2009 kl.12:25

Wow! :) what an amazing experience...

20.okt.2009 kl.12:54

Malene!

kor eg gler meg til f deg heim att!

Men nyt verden jento!

Skriv en ny kommentar

Malene Bjrge

Malene Bjrge

29, Bergen

Malene Bjrge, fotograf. Utdanna ved London College of Fashion. Drmmande, kreativ og rastlaus sjel. Elsker alt det vakre i livet.

Kategorier

Arkiv

hits