Dagbok frå Stavanger 2002


Eg har pakka ned det eg eig, for neste veke reiser eg.
Det er rart kva du kan finna når du først rydder. Eg har for eksempel ein rekke halvskrevne notatbøker. Frå barne og ungdomskule, gymnas og universitet. Klarer ikkje kasta alle, men så er det jo kjekt å komma over morsomme skriblerier slik eg gjorde idag. Det er ei grøn spiralblokk og det står Finansrekneskap utpå, men inni er det ikkje antydning til rekning.. Må innrømma at det er ein langdryg tekst, men med ein tilfredstillande slutt...

Datert 28/1-02
Har igrunn aldri skrevet dagbok før.. Men no har eg altså bestemt meg for å begynna med det, tenker det hadde vore kjekt å sjå tilbake på kva eg tenkte om nokre år.

Tenkte at eg først skulle fortelja litt om den siste tida. Kan vel godt sei at eg lever eit urbant og utsvevande liv. Eg er ute på byn meir enn eg er heima... stortrives med den tilværelsen, men merker at det slit litt på kreftene.

Som regel er eg på byn med Elisabeth, Signe eller Birte. Eg bur saman med Elisabeth og Signe i Oscarsgt. 23. Dette er kjempekjekke folk som eg likar å vera saman med. Me har da kjempesosialt ilag. Birte er mi beste venninna frå høgskulen.

Eg var ute med alle tre onsdag 23/1-02. Sat heima og drakk vin først, deretter gjekk me ned til Nåløyet ( stampuben vår), drakk ein dobbel tequila der... ( her spare me ikkje på noke).  Me gjekk vidare på Yanks, noko me ofte gjer på onsdager fordi det då er levande musikk. Me dansa og koste oss, eg ba omå få høyra yndlingssangen til meg og Elisabeth " I shall be released" med Bob Dylan. Etterkvart gjekk me opp på nattklubben New York. Seint på natta stilte eg meg i baren, måtte drikka litt vatn. Attmed meg stod da ein mann som eg kom i snakk med ( husker ikkje detaljer i samtalen, men det er vel ofte slik det er... av og til kunne eg ønska eg hadde båndopptakar for å ta opp samtaler eg har med spennande menneske) Men eg veit at eg var ganske tiltrukket av denne mannen.. han hadde langt hår ( likar ikkje vanlegvis langt hår, men det passa han godt... careless på ein måte) Liker ikkje straighte typer for tida.. eller har eg nokon gong gjort det? Det er hvertfall sjeldan. Han hadde heilt svarte klær og svart skinnjakke. Me forlot hvertfall nattklubben ilag. Eg spurte om han ville følga meg heim, det ville han!

Og dermed gjorde eg noko eg aldri har gjort før, eg forførte ein heilt fremmed mann! Eg hadde ikkje trudd det, men det var faktisk meget bra! Dette er den mest følsomme mannen eg har vært borti. Bare eg strauk han på brystet gjekk det skjelvingar gjennom han. Dette var ein mann som var god for sjølvtilliten min!!

Men dagen etter skulle han ( dessverre) reisa til Canada ( med privatfly, kameraten var visst ein rik forretningsmann). Så han hasta avgarde i 8-tida. Me utveksla ikkje telefonnummer.

Det var kun denne teksten inni finanskladdeboka. Eg er ikkje eingong sikker på eg hadde trengt den for eg huksar det ganske godt! Det er det første og beste ein-nattsmøte eg har hatt. Men kven var han? Eg veit ikkje kva han heiter, lurer på noko med Olav, Jon Olav... men, nei er ikkje sikker. Han hadde langt lyst hår, var i midten av tredveåra, budde i Arendal, trur eg. Arbeidde i eit helikopterfirma.. If you see this, call me! Hehe, neida... han skal nok vera den mystiske mannen i baren på New York.

P.s Såg meg nødd til å redigera vekk eit par setningar på slutten... Var ikkje spesielt god på antydningens kunst i 2002.




Elisabeth og meg den gongen.

3 kommentarer

sandralove

21.sep.2009 kl.23:21

Legg ut en video på yt og let etter han , slik som hun fake alenemoren i danmark gjorde. da får du blest om bloggen også. snakk engelsk, og gjør bloggen valgfritt norsk/engelsk:)

Malene Bjørge

21.sep.2009 kl.23:32

Hehe.. tenkte på ho aleinemora etter eg skreiv slutten.. me får nett sjå! Ja, det kan jo henda han var drømmemannen som glapp... men det spørs jo om han i det heile tatt erindrer vårt møte :-)

22.sep.2009 kl.08:57

-huskar og den kvelden!
Og morgonen etter, -you very happy girl!
Me må preikast før du reiser!
StorKlem,
Elisabeth

Skriv en ny kommentar

Malene Bjørge

Malene Bjørge

29, Bergen

Malene Bjørge, fotograf. Utdanna ved London College of Fashion. Drømmande, kreativ og rastlaus sjel. Elsker alt det vakre i livet.

Kategorier

Arkiv

hits