Om menn og sånn...

Eg er singel, veldig singel! Har absolutt ikkje lyst på noko kjærast i overskueleg framtid. Nokon vil kanskje synast dette er rart iogmed at eg er 29 og "burde" vera i etableringsfasen. Men eg prøver å oversjå slike formaningar frå samfunnet og omgivnader og heller leva slik eg ønskjer.

Hadde eit lite tilbakefall i haust. Fekk meg kjærast... meiner eg vart lurt av store ord om kjærleiken og livet av vedkommande. Tenkte kanskje eg trengte det. Hundrevis av kjærleikserklæringar og lovnadar frå han at det var oss to for alltid, så dumper han meg over telefon etter ein tur til Cuba i januar.
Kva faen som skjedde?
Han ville heller sola seg i beundring frå ein gjeng harry, middelaldrande canadiske damer.
Believe it or not! Nok om det! ;-)

Eit par veker med intens kjærleiksorg og drastisk vekttap og eg kjem meg på beina igjen. Bestemmer meg for at dette ikkje skal vera forgjeves. Byrjer å svømme og trene. Holder vekta nede og sjølvtilliten går oppover. Eg stråler når eg er ute. Etterkvart svømmer eg i tilbud frå ulike menn. Eg oppdager kor morosamt det er å date. Eg stresser ikkje med at han må vera " den rette", men nyt augneblinken. Ofte er eg for opptatt til å gi tilbakemelding, avogtil gløymer eg å ta kontakt. Det gjer mannen gal. Han har fått meg, men må framleis jakte på meg...

Eg bestemte meg for å gjera eit kunstprosjekt av denne datinga. Eg brukar ofte personlege erfaringar i prosjekta mine.
I vår og sommar har eg dermed tatt sjølvportrett i samband med møter eg har hatt med ulike menn. Det blir og knytt små historiar til dei ulike møta. Eg vil gjerne dele desse med dei som leser bloggen min. Eg byrjer med Fotografen- han eg har truffet i årevis.

5 kommentarer

Linn

23.jul.2009 kl.20:47

fin blogg :)

Belén

23.jul.2009 kl.21:32

Høres spennende ut! :) Good luck

Hanne Emilie Risdalen

23.jul.2009 kl.21:37

Utrolig kul header :)

Malene Bjørge

23.jul.2009 kl.21:39

Tusen takk skal de ha! :-)

ina

23.jul.2009 kl.22:50

you go girl! her maa jeg folge med:)

Skriv en ny kommentar

Malene Bjørge

Malene Bjørge

29, Bergen

Malene Bjørge, fotograf. Utdanna ved London College og Fashion. Drømmande, kreativ og raslaus sjel. Elsker alt det vakre i livet.

Kategorier

Arkiv

hits